IMAGO

Oversikt.Ingeb_.Vik1000

Oversikt Ingebrikt Vik Museum

T.v.Ingebrikt Viks skulptur N.H.Abel, Annette Koefoed: Abel’s Puzzel, malt tre

Fargeslørernærme

Fargeslører, 2017, silke, nylonsese

I.Vik-oversikt-høyre-side-1

Oversikt med bl.a. 23 kromosompar på vegg

Skjelett-kopi-1

Skjelett, 2017, silke, nylonsene

Skjør torso, 2017, silke, nylonsene

Glasssøvn-1024x852

Glasss søvn, 2017, silke, nylonsene

Fargeslører, 2017, sett ovenifra

IMAGO

Annette Koefoed
4. Mars – 30. April 2017

IMAGO viser til det siste og ferdige utviklingsstadiet hos enkelte insekt og leddyr. Hos dei er den indre beingrinda erstatta med eit hardt ytre skal. Dette hudskjelettet må skiftast for at larven skal kunne vekse.

I utstillinga i Ingebrigt Vik museum tar kunstnaren Annette Koefoed i bruk heile rommet, både det opprinnelege oktangulære rommet, og tilbygget som vart tilført i samband med oppføringa av Kabuso. Det er framleis bronse og gipsskulpturar av Ingebrigt Vik i museet, men no, for fyrste gong, går dei direkte i dialog med samtida. Det som fell oss i augo er eit stort, voluminøst silkearbeid som veks ut av ein nisje i veggen i den eldste delen av bygget. Som ei organisk form veks det innover i rommet og tilfører volum gjennom sin lette masse. I motsetnad til Vik sine massive skulpturar har Annette Koefoed utvikla eit formspråk av ulike typar transparens, der opne volum skaper tredimensjonalitet: innside, utside og luft er likeverdige delar av heilskapen.

Koefoed har til denne utstillinga arbeidd med abstrakte referansar til menneskekropp, organ og til utviklingsstadium hos insekt. Gjennom eit stort spekter av materiale og teknikkar utviklar skulpturane seg. I utstillinga IMAGO arbeider ho med alt frå florlette silkestoff til uthola tre. Dei opne skulpturane skaper eit tomrom, eller eit fråvære av noko. Nokre av skulpturane veks seg ut gjennom dels opne, dels lukka pleksiglaskubar. Som skulptør er Koefoed si tilnærming til bruk av tekstil utforskande, og i dei tekstile materiala arbeider ho med skulpturell dekomponering, der nedbryting og oppløysning vert utforska.

Går ein innover i museet, forbi Ynglingen og andre Vik skulpturar, dukkar fleire av Koefoed sine arbeid opp på uventa stader. 23 kromosompar er å finne på ein vegg. Kromosompara vart til gjennom fokus på identitet. Kvart par kan sjåast som ein samansett pakke av identitet der ulike material som til dømes linfiber, dyrehår og plast er tett surra saman.

Gjennom den siste tida har naturen og naturen si sårbarheit blitt meir og meir viktig for Koefoed, og dette har blitt ein tydeleg diskusjon og undersøking i utstillinga. Koefoed ynskjer å rette fokus på måten moderne forsking har gjort det mogeleg å endre naturen ved at gen kan klippast bort eller at kroppsdelar lett kan endrast på. Moglegheiten som forskinga gir er både fantastisk og skremmande, og stiller menneskja overfor store etiske dilemma.

Annette Koefoed si utstilling er første gong museet opnar opp rommet til eit anna kunstnarskap enn Ingebrigt Vik. Bakgrunnen for dette grepet var at vi i jubileet ynskte å knyte Vik sin kunst til samtida vår. Når Koefoed vi ser skulpturen Pust på den knudrete betongveggen frå 1934, ser vi ikkje berre Vik sin kunst med eit nytt blikk, men òg rommet sine særeigne og sterke kvalitetar. Den rå murveggen mot den sterke og samtidig skjøre skulpturen til Koefoed gir både skulpturen og veggen nye impulsar.

IMAGO kan sjåast som ein del av ein metamorfose: Ein overgangen frå eit stadium til eit anna, ein tilstand der noko brytast ned, samtidig som noko anna blir frigjeve i si yttarste form. Koefoed sine strukturar har sterke element frå denne overgangen ved seg. Den skjøre, gjennomskinlege organzasilken på borda har sterke referansar til eit fråvære. Holromma står att, noko har forlate strukturen. Metamorfosen rører ved fantasien vår ved at assosiasjonane til formene og skulpturane spinn vidare. Det oppstår ei spenning i overgangane mellom kva vi ser og kva vi kanskje ser.

I fleire av strukturane til Koefoed finst eit sterkt fråvære. I objekta av silkeorganza og nylon er dette særs framtredande ved dei store holromma som delvis vert tildekte av gjennomskinleg tekstil. Med tanke på at silken vert spunne av silkeormen, som sjølv er eit leddyr, blir det ei sterk spenning ved kunstverka, som understrekar Koefoed si uro for naturen si sårbarheit.

Heidi Jaeger, Kurator for utstillinga

Client Name
UTSTILLING PÅ INGEBRIKT VIK – ØYSTESE 2017

Date Completion
2017-03-04

Categories:
UTSTILLING